
Velkomen til Tvinnefossen og Rand Grendahus
Velkomen til Tvinnefossen
Tvinnefossen er ein av dei vakraste fossane i Noreg og ligg i eit levande kulturlandskap med gardsdrift, dyreliv og fastbuande. Vi ønskjer at alle besøkande skal få ei god oppleving, samstundes som området blir teke vare på for framtidige generasjonar.
Vis omsyn
- Respekter privat eigedom og menneska som bur i området.
- Vis omsyn til dyr på beite og hald god avstand.
- Unngå å ta bilete av born eller andre personar utan samtykke.
- Ta med deg alt søppel eller bruk tilgjengelege avfallsbehaldarar.
- Bruk toaletta ved Rand Grendahus, og unngå toalettbesøk i naturen eller på privat grunn.
Parkering og betaling
Når du betaler for parkeringa, bidreg du direkte til lokalsamfunnet.
Alle inntektene frå parkeringa går til Rand Grendahus SA, eit allmennyttig grendahus som blir drive til beste for bygda. Midlane blir brukte til drift, vedlikehald og vidare utvikling av grendahuset og området rundt.
Inntektene bidreg mellom anna til:
- Vedlikehald av parkeringsområdet
- Toalettfasilitetar for besøkande
- Tiltak for trafikktryggleik
- Drift og vedlikehald av Rand Grendahus
- Lokale aktivitetar og møteplassar for innbyggjarane
Ved å parkere her er du med på å støtte lokalsamfunnet og bidra til ei berekraftig forvaltning av området rundt Tvinnefossen.
Takk for at du viser omsyn og hjelper oss med å ta vare på Tvinnefossen!